top of page
Søk

Desember 24 og Januar 25

Forfatterens bilde: t-ofoelgt-ofoelg

Oppdatert: 17. feb.

Frå messa akter. her er det arbeid med listverk

Desember var ein litt kort månad. men her er nokre bilete som viser tydeleg framgang.

Det som er igjen av salongen på babord etter at  lugaren tok ein del av rommet då bildekket blei påbygd.

Her står me i salongen og ser mellom lugarane akterover inn i messa

Forut er dei også godt i gang

Her frå gangen og inn i lugaren på tvers heilt framme. Til høgre er skottet mellom gangen og dei  knøttsmå lugarane på plass.

Emilie er i sving med å få opp rupanelen oppunder dekk

Her er Ruban i sving i ein annan lugar.
Her er Ruban i sving i ein annan lugar.

Bileta talar for seg sjølv. Arbeidet viser godt igjen, og rapporten gir uttrykk for optimisme.

I Januar 2025 går arbeidet vidare, men blir nok litt mindre gjort ei stund framover då fartøyvernsenteret må senda folk til andre stader også. Ikkje alle båtar kan komma til Hardanger.

Til høgre står litt av eit puslespel, Gamle lister som skal brukast omigjen. Vonar me hadde merka dei då me reiv. Nå skal dei pussast, beisast og lakkast og tilpassast for å få romma til å likna slik dei var før. Same med limbofineren nederst på skotta

Døra inn til babord lugar.
Døra inn til babord lugar.

Lugaren framme aktenfor trappa, (maskinistlugaren?)

Same lugar, men her er det komme opp eit endeskott for køya.

Lugaren i skarpen. eit gammalt halvskott og køyvange er sett opp.

Litt stålarbeid må også gjerast, så mekanikar Peder, må til.

Då båten var ny, hadde han dampmaskin og måtte difor ha luke ned til kullbaksen. Dette låg i dekket i det som nå var den vesle salongen på hoveddekket. Ringen var tynnsliten og knekt i fleire deler. Peder lodda bitane saman, så nå kan han fellast ned i dekket igjen til minne om farne tider.

Her er ei anna luke. Det er nødutgangen forut.

Marius har tatt med seg det gamle ankerspelet innomhus. Det treng ein del nye deler. Dei støypte delen ser greie ut, men alt anna må fornyast.

Dei skrøyter over at det har vore få utfordringar, men nå kjem det fram at det manglar ein del tidsrektige deler, slikt som lampar, låsekassar, hengsler osv.

Siste innlegg

Se alle

Comments

  • facebook

©2018 by Andelslaget M/S Jøsenfjord. Proudly created with Wix.com

bottom of page