top of page
Søk
Forfatterens bildet-ofoelg

Framgang som viser igjen ombord


Himlingsplatene kjem på plass under isolasjonen, 50 mm glavamatter med luftrom over. Håp om at lufta vil sirkulere, men kanskje der må ei vifte til om vinteren.

Oktoberrapporten 2024. Sakser fra rapporten frå Morten Hesthammer i Norheimssund.

I lugarområdet nede akterut har vi reist alle skilleskott slik at området er delt inn i messe, passasjerlugarar og salong. Før dette har vi platet himlingen foruten dei områda der ventilasjonskassane skal gå. Skotta er laga av pløyde 28 mm tjukke bord. .... Fotografier viser at det på begge sider av skottet er kledd med sponplater. Utenpå der igjen er det huntonitt og kryssfiner utenpå der igjen.



Nye tverrgåande luftekanalar. Dei gamle var rusta vekk.

Overgangen mellom skott og himling.


Ein lugar på kvar side og messa akterut.

Her er Erik i gang med å lage benker i messa nede akterut. Her var det innreda barnerom i Nederland.

Her er han i gang med hylle over benkeryggen

Det som er igjen av salongen etter at passasjerlugarane blei flytta ned hit, er ikkje stort, men med passande innredning blir det brukbart. Me har ikkje brukbar dokumentasjon på korleis det var før. Etter diskusjon med konservator Rasmus Tørnqvist, kom me fram til ei brukbar løysing med ei u-forma sittegruppe med bord på kvar side.

Tilsvarande på styrbord side.

Ein del røyrleggararbeid måtte gjerast før innredningen kunne fortsetta. Her er Peder i sving med røyra til styremaskinen. Dei kjem ned heilt akterut i gangen over maskinrommet og går gjennom fleire skott før dei når styremaskinen som held til inni "huset" til venstre i biletet.

Meir røyrleggararbeid. Her held han på med hydraulikken til Winsjen. Her går røyren gjennom rennesteinen og ned i innredninga forut.

Spikerslaga i forskipets skutesider er skutt fast med spikerpistol.

Lugarområdet forut.

Eit arbeidslag sette i gong med innredning så snart Peder var ferdig med gråvannstank og vassrøyra som går under dørken. Men det var mange fleire røyr som skulle under dørken og gjennom skottet til lasterommet. Her var dokumentasjonen dårleg. Så trearbeidet her stoppa opp. Men etter studering av bilete og konferering med Lars og Torstein kom dei fram til ei løysing slik at arbeidet med innredninga kunne fortsetta.


Dei gamle lysventilkassane var ikkje like gode, så nokre trong restaurering og nokre måtte lagast nye. Her er Raban i gang med ein ny.

Her er ein som har overlevd. Han har berre fått ei ny side.


Raban monterer opp ein gammal lysventilkasse. I Jøsenfjord er det heilt tydeleg at lyskassane har vore montert før skutesida er kedd opp.

Bilettekst: "Deler av hovedrommet (?) forut er isolert"

Dørene er forskjellige og i svært ulik stand. Til høgre ser me litt av ei dør med furufiner, i midten ei med limbafiner, og heilt til venstre ei uten finer.

Gildt å sjå arbeid som viser igjen. Denne månaden har fleire folk vore i arbeid ombord, og sjølv om dokumentasjonen frå vår side ennå er litt mangelfull på somme områder, så har dei funne løysingar.

(Alle bilete i denne rapporten er tatt av Fartøyvernet i Norheimsund)


40 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Julehelsing

Comments


bottom of page