top of page
Søk
Forfatterens bildet-ofoelg

Også novemberrapporten er positiv


Byssa og bilettkontoret har fått på plass ventilane.

Me saksar frå novemberrapporten.

Først eit blikk nede akter der det er salong, lugarar og messe.

Messa er kommen så langt at det er grunna ferdig.



Her er ho ferdigmalt. Manglar brystning (lakkert finer)

Salongen er nesten ferdigmalt. Me ser akterover, Heilt bakerst i bildet skimtar me styremaskinen.




Mest alle dørene ombord er ulike. Dei er tydelegvis gjenbrukte etter diverse ombygingar. Eg trur dei fleste er brukbare, men må nok restaurerast på forskjellig vis.















Lysventilane

Lysventilane i skroget og i stålet som var skifta, var nærast store nok, men måtte gjerast litt større for at ventilane skulle passa.


Kitting og maling på utsida blir gjort ut på våren når det blir varmare i veret.

Her er alle ventilane under bakken på plass. Men det manglar nokre deler til ein del av dei. Dette får komma på plass etter kvart.

Så tar me ein kikk forut i mannskapsavdelinga igjen.

Her var dei godt i gang i oktober med isolasjon og kledning av skutesidene. Nå er dei i gong med skotta mellom romma og har tatt med ned dørene for å sjå at teikningane stemmer. Men ei dør manglar - ei litt spesiell med ekstra figurar på. Den er hermed etterlyst.


Erik og Raban legg ut ramene på dørken for å sjå kor skotta skal reisast.

Var lugarane verkeleg så små? Erik grublar om dette kan stemma.

Slik omtrent blir inndelinga.

Til sist tar eg med julehelsinga frå Morten Hesthammer som leiar arbeidet i Norheimsund. Me takkar for samarbeidet og ønsker alle ein god jul.
















L

8 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Julehelsing

Comments


bottom of page